Håvard Hamnaberg

Håvard Hamnaberg

Håvard Hamnaberg
Sivilingeniør i industriell økonomi

Energi- og vannressursavdelingen

Bakgrunn

Eg er sivilingeniør i industriell økonomi frå NTNU. Etter desse studia og studium i litteraturvitskap arbeidde eg fyrst som journalist i NRK og analyseselskapet Point Carbon før eg landa i Energi- og vassressursforvaltinga i NVE. Etter seks år i NVE, der eg jobba med fornybar energiteknologi, kostnadar og ressursar, søkte eg meg til Olje- og energidepartementet. Her jobbar eg med fornybar energi, særleg teknologi og kostnadar, og mest med vasskraft.

I 2021 vikarierte eg i kommunikasjonseininga i departementet, og fekk lære ein del om saksfelt eg ikkje hadde jobba så mykje med før. Opphaldet i kommunikasjonseininga gav ei djupare innsikt i korleis omverda ser på departementet og eit lite innblikk i korleis verda kan sjå ut for politisk leiing.

«All fornybarteknologi har sine moglegheiter, sine potensial og fordelar, men også sine kostnadar og ulemper»

Min arbeidshverdag

I departementet arbeider eg med både rammene for fornybar energi i Noreg, konkrete utbyggingssaker og spørsmål knytt til kraftproduksjon som allereie er bygd ut. Arbeidet går i skjeringsfelta mellom det faglege og det politiske, det generelle og det spesielle og mellom det ideelle og det moglege.

Det er stor variasjon i dei konkrete oppgåvene, men oppgåvene handlar stort sett om tekst. Ein dag kan ein få i oppdrag å skrive utkast til ein tale, ein annan dag kan ein arbeide med ei fagleg utgreiing, ein tredje kan ein sitje med ei sak om utbygging av eit kraftverk.

Arbeidet i departementet er også svært dynamisk. Nokre periodar kan ein få høve til å jobbe langsiktig med faglege problemstillingar, medan andre periodar kan det vere ein raskare puls dersom ein jobbar med ei problemstilling som er oppe i det offentlege ordskiftet.

All fornybarteknologi har sine moglegheiter, sine potensial og fordelar, men også sine kostnadar og ulemper. Og alle forslag til endring må ha det eksisterande som utgangspunkt. Politikarane treng difor å vite kor vi er, og kva moglege vegar som fører dit dei vil.

Som byråkratar tener vi folkestyret. Det er ein sterk motivasjon i det daglege arbeidet at vi bidreg til at viktige avgjerder blir tekne på eit godt fagleg grunnlag.

Bruk av faglig bakgrunn

Medan juristane har innsikt i dei menneskeskapte lovene og økonomane i marknadslovene, kan eg som teknolog bidra med innspel om korleis naturlovene legg rammer for kva som er mogleg. Samstundes har medie- og kommunikasjonsarbeid gjeve god røynsle med å ordlegge seg forståeleg og samstundes tilstrekkeleg presist. Skrivearbeid står heilt sentralt i eit departement, og gode skriveferdigheiter er nyttig kvar dag.

Eg meiner eit sivilingeniørstudium er eit svært godt utgangspunkt for å arbeide i eit departement. Sivilingeniørstudiet venner studenten til å setje seg inn i ulike faglege og metodiske system, som økonomi, organisasjonsteori, fysikk, reguleringsteknikk, kjemi. Alle problem kan studerast med utgangspunkt i fleire fag, og ein fagleg sterk organisasjon som eit departement kan eit slikt meta-perspektiv vere nyttig.